no
en

 

Service og reparasjon

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?

Vi set pris på eit godt og nært samarbeid med deg som er kunde. Difor er vi også ofte ute på merdene, skipsverfta og industribedriftene, både for å gi råd og opplæring og for å lære meir om aktuelle problemstillingar. Vi utfører eventuelle reparasjonar og justeringar på kort varsel. 

• Forsterking av løftepunkt
• Reparasjon av rifter og skadar
• Reparasjon av fløyt, bly eller kjetting
• Skifte ut skadde seksjonar av ein større duk
• Vurdere kostnader for reparasjon kontra nytt produkt
 

MONTERING
Korrekt montering er avgjerande for eit godt sluttprodukt. Plany har eigne montørar som kan gjere jobben for deg. Vi kan også tilby service på ferdig monterte produkt. 
 

KAPASITET
Vi disponerer eit 500 m² stort reparasjonslokale i Myklebustmyrane i Gursken. Her kan vi ta inn store presenningar for utbetring, raparasjon og funksjonsendring. Vi kan utføre både saum og sveising av PVC. Gode desinfeksjonsrutiner.
 

SERVICEPARTNER MØRENOT AQUACULTURE
Gjennom vår autoriserte servicepartner, Mørenot Aquaculture, kan vi tilby kvalitetssikra service på produkta våre frå servicestasjonane deira i nærleiken av deg. Ta kontakt med Plany eller Mørenot Aquaculture direkte for å få hjelp.


KONTAKTPERSON 
Ronny Pedersen
ronny@plany.no
Tlf.: +47 990 03 088